Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Arkeologiske utgravninger viser at islam, jødedom og kristendom har levd i tett kontakt og påvirket hverandre helt tilbake i antikken. På bildet sees en utgravning fra Magdala av jødiske og tidlig kristne funn.

– Det nye testamentet er ein jødisk tekst

Jødedom, kristendom og islam låg nærare kvarandre i antikken enn ein har tenkt til no. – Alle dei som følgde etter Jesus og skreiv tekstane, forstod religionen sin som ein form for jødedom, seier forsker Anders Runesson.  

Publisert

Kort fortalt

  • Ein ny bok av forskarane Anders Runesson og Karin Hedner Zetterholm utforskar dei historiske banda mellom jødedom, kristendom og islam. 
  • Boka argumenterer for at desse religionane har påverka kvarandre gjennom tidene og at dei religiøse konfliktane i dag ikkje speglar dei historiske relasjonane.
  • Runesson hevdar at Det nye testamentet, som tradisjonelt blir sett på som ein kristen tekst, eigentleg har jødiske røter. 
  • Forholdet mellom jødedom og islam blir også undersøkt. Trass i teologiske spenningar, viser arkeologisk materiale at det ofte var samarbeid og samhøyrsle mellom religionane i antikken.

Medan Israel er i krig me  d Hamas, og både antisemittisme og islamofobi er på oppgang (fn.no), kjem ei gruppe forskarar med ei bok med ein underliggande bodskap: Historisk er vi nærare kvarandre enn vi trur.

– Dei religiøse konfliktane vi har i dag, speglar ikkje relasjonane mellom desse religionane i antikken, seier Anders Runesson, forskar ved Teologisk fakultet på Universitetet i Oslo.

– Dei religiøse konfliktane vi har i dag, speglar ikkje relasjonane mellom desse religionane i antikken, seier Anders Runesson, forskar ved Teologisk fakultet, Universitetet i Oslo.

Dei ulike partane viser ofte til religionane sitt opphav og dei heilage tekstane for å finne normative argument for konflikt. Ny historisk forsking tydar imidlertid på at dette manglar vitskapeleg grunnlag, påpeikar han.

– Jødedom, kristendom og islam har tette band. Religionane har påverka kvarandre gjennom hundreåra. Historia er kompleks, men stort sett har folk funne måtar å samarbeide på. Det ser vi både i arkeologisk materiale og i gamle tekstar.

Meiner at tekstane i Det nye testamentet var jødiske

Runesson har saman med Karin Hedner Zetterholm vore redaktør for boka. 

Noko av utgangspunktet er at mange teoretikarar i dag les samlinga av tekstar i Det nye testamentet som jødisk, ikkje kristen.

– Det nye testamentet er ikkje ei tekstsamling som dei fleste jødar rettar seg etter i dag. Derimot er det ei normativ tekstsamling for kristne. Det nye er innsikta at det ikkje berre var Jesus som var jøde, noko som er heva over tvil. Også alle dei som følgde etter han og skreiv tekstane, forstod religionen sin som ein form for jødedom, seier Runesson.

Går imot erstatningsteologien

Jødedommen var på denne tida svært mangfaldig. Forsking har tyda på at fleire jødiske grupperingar meinte at Jesus var Messias.

Dette rokkar ved det tradisjonelle synet om at kristendommen oppstod med Jesus. Det lagar også trøbbel for tankesettet i såkalla erstatningsteologi, om at kristne tok over jødane sin plass som «Guds folk».

– Mange forskarar trur i dag at dei første spora av det vi i dag kallar kristendom er frå rundt midten av 100-talet, og at ikkje-jødiske kristne då tok over – og tolka om – tekstane, slik at dei kom til å handle om dei og deira situasjon, seier Runesson.

Les vi Det nye testamentet med ei slik forståing, er det mange ting som gjev meir meining, legg han til.

Ordet kristendom oppstår på 100-talet

Ordet kristendom blir ikkje brukt i Det nye testamentet i det heile tatt. Ordet oppstår først på 100-talet. Det blir då brukt for å skilje kristendom frå jødedom. «Ein kan ikkje vere kristen og jøde på same gong» seier Ignatius av Antiokia, som er den første i historia som bruker ordet kristendom.

Ordet kristen nemnast likevel tre gonger i Det nye testamentet. Det har skapt ein del debatt.

– Ein del meiner at det skal bli forstått som ein ny identitet i motsetnad til jødar og jødedom. Andre meiner at ordet ved desse tre tilfella skal bli forstått som ei nemning på ei jødisk gruppe, akkurat slik farisearane var ei jødisk gruppe, seier Runesson.

– Eit pågåande paradigmeskifte

Runesson skildrar endringane i synet på Det nye testamentet som eit pågåande paradigmeskifte. Han meiner at dette har fått, og får, følgjer for korleis kyrkja stiller seg til mellom anna misjonering.

Ein av kapittelforfattarane, Philip A. Cunningham, skriv at den katolske kyrkja heilt fram til 1960-talet ikkje kunne godta jødedommen. Grunnen var at jødar ikkje godtok at Jesus var Messias. Slik var det også i protestantiske kyrkjer. Vi ser likevel i dag ein aukande toleranse. Han stemmer overeins med nyare forsking, ifølgje Runesson.

– Mange meiner at kristendommen ikkje har erstatta jødedommen. Dei meiner at Guds pakt med det jødiske folket er intakt. Det finst ei opning for ein gjensidig respekt der ein kan leve saman utan å forsøke å omvende kvarandre. 

Ifølgje ein rapport frå Den norske kyrkja tidlegare i år er denne kyrkja i dag delt i spørsmålet om misjonering overfor jødar. 

– Nokon meiner at slik misjon framleis har sin plass. Andre ser på det som antijødisk. Mi oppfatning er at den sistnemnde gruppa blir stadig større. Fleire og fleire ser motsetnaden i, på den eine sida å meine at Guds pakt med det jødiske folk er intakt, og på den andre sida hevde at jødar skal gje opp den jødiske identiteten sin.

Er jødedom og islam same religion?

Eit anna kapittel i boka skildrar det historiske forholdet mellom jødedom og islam. Kapittelforfattar Mohammed Ahmed reiegjer for at islam går tilbake til Abrahams tid før Kristus. Dermed var det ein religion lenge før profeten Muhammed levde på 5-600-talet.

– Ifølgje islamske tekstar frå middelalderen er jødedom ein form for islam, berre ute av kurs sidan Muhammed si lære blir sett på som den rette vidareføringa av denne tradisjonen. Ein ser spor av ein slik tankegang også i Koranen, men middelaldertekstar Ahmed har analysert, styrkar biletet av at skriftlærde hadde ei slik oppfatning, seier Runesson.

Religionane hadde nære band. For eksempel var det i antikk tid ofte vanskeleg å gifte seg på tvers av religionar. Her seier imidlertid både Koranen og muslimsk tradisjon at det går heilt fint for muslimar å gifte seg med jødar.

– Samstundes var det ei spenning, spesielt om ein ser på teologien som den litterære eliten iblant formulerte. Både i Koranen og andre middelaldertekstar finst det ei slags forventning om at jødar skal innsjå at islam er den rette religionen.

På same tid såg kristne intellektuelle på islam som ein slags kristendom, men ute av kurs, legg Runesson til.

Vanlege folk brydde seg ikkje

Forholdet mellom kristne, muslimar og jødar var ikkje heilt smertefritt i antikken heller. Men ofte var konfliktane på elitane sitt nivå.

– Det er dei lese- og skrivekunnige som skaper teologiar og lover som kan vere i konflikt med andre grupper. Her handlar det også om å bevare eiga makt og stilling, gjennom å konstruere og markere eiga identitet som unik.

Vanlege folk, altså rundt 90-95 prosent av folket, såg ofte saka på ein anna måte, ifølgje Runesson.

– I tradisjonell forsking er det for eksempel ei vanleg oppfatning at islam, då religionen kom til det bysantinske Palestina på 600-talet, forstyrra og øydela alt som var. Men ser du på arkeologisk materiale og forsking, mellom anna frå den israelske arkeologen Gideon Avni, finn du ikkje støtte for dette.

Arkeologisk materiale, innskrifter og papir vitnar heller om samarbeid og samhøyrsle på tvers av religionar, held Runesson fram.

– Det pågåande paradigmeskiftet i forskinga gjev ny kunnskap. Over tid kan det bidra til å gjere verda til ein betre stad, meiner Anders Runesson.

Referanse:

Karin Hedner Zetterholm og Anders Runesson: Within Judaism? Interpretive Trajectories in Judaism, Christianity, and Islam from the First to the Twenty-First Century. Lexington Books / Fortress Academic, 2023. (Sammendrag)

Powered by Labrador CMS