Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
I studien trena tolv deltakarar styrketrening berre på den eine armen i den fyrste treningsperioden.(Foto: Colourbox)
Musklane hugsar: Det lønner seg å ha trent
– All trening du gjer, kan vere viktig sjølv om du ikkje klarer å trene heile året gjennom, seier professor Truls Raastad om ny forsking på muskelhukommelse.
Målet med
denne studien var å
finne ut meir om muskelhukommelse. Hugsar muskelcellene styrketreninga dei har
gjort tidlegare?
Kan
stoppe debatt i forskarmiljøet
Muskelminne
har blitt forska på i fleire studiar på Norges idrettshøgskole (NIH).
– Vi
og andre har tidlegare vist at du får fleire cellekjernar i muskelfibrane når
dei veks i storleik med styrketrening, men det har vore ein stor debatt om
desse nye kjernane er permanente eller om dei forsvinn igjen når du sluttar å
trene.
Det seier professor ved Institutt for fysisk prestasjonsevne på NIH, Truls Raastad.
Denne
studien viser tydeleg at talet på kjernar held seg høgt, sjølv om storleiken på
muskelfibrane går tilbake til utgangspunktet etter 16 veker utan trening.
Det betyr
at muskelfibrane kan ha større kapasitet til å respondere på ein ny periode med
trening og dermed gi grunnlag for eit muskelminne.
Trena
ein arm i ti veker
Tolv
personar som ikkje hadde drive med regelmessig styrketrening på overkropp, var
med på studien. Dei var unge kvinner og menn som dreiv med andre typar trening
enn styrke.
Dei trena ein arm i 10 veker slik at dei
raske muskelfibrane ble cirka 30 prosent større og fekk 30 prosent fleire
kjernar. Deretter tok dei ein pause på 16 veker.
Etter pause trena dei begge armane i ti
veker. Forskarane tok
prøver av musklane før og etter treninga og analyserte prøvene.
Det var
ein viktig grunn for at forskarane valde å sjå på akkurat biceps-muskelen.
–
Biceps-muskelen brukar du ikkje like mykje i dagleglivet, som for eksempel
beinmusklane. Derfor får du ein mykje større detreningseffekt i pausen frå
trening, forklarer Raastad.
All
styrketrening hjelper
Kva viste
funna?
– Me
såg som forventa at det blei fleire kjernar i muskelcellene under den fyrste
treningsperioden. Det viktigaste funnet i denne studien var at sjølv om
musklane blei mindre under pausen, var talet på cellekjernar det same. Dette
betyr at musklane «hugsa» at dei hadde trena før og har større
kapasitet til å respondere på ein ny runde med trening.
Forskarane
såg også at uttrykket av tre genar framleis var endra i musklane etter 16 veker
utan trening.
– Dette kan tyde på at musklane også hadde eit epigenetisk minne av den
tidlegare treninga, og det kan også bidra til betre treningsrespons ved seinare
trening.
Annonse
Epigenetikk er informasjon knytt til genane våre som er med på å bestemme korleis genane slåast av og på i cellene.
Når
deltakarane begynte å trene igjen, trena dei begge armane. Da blei musklane i
armen som hadde trena før, litt større enn i den andre armen.
Men dei blei
ikkje større enn kva forskarane hadde forventa.
– Noko
overraskande såg vi at i den andre treningsperioden så heldt auken i
muskelcellekjernar fram sjølv om muskelfibrane nå berre blei like store som det
dei blei etter den fyrste treningsperioden. Deltakarane auka talet på kjernar
med ytterlegare 15 prosent i gjennomsnitt, fortel Raastad.
10 veker med god trening kan vere ei god investering
Han
meiner at funna tyder på at all styrketrening hjelper så lenge ho over ein
periode har ført til muskelvekst. Det er ikkje nødvendigvis synlege musklar, men auke
av muskelcellekjernar.
Sjølv om
ein ikkje klarer å trene styrke og halde muskelmassen ved like gjennom heile
året, er det langt frå bortkasta om du får det til i eit par månader.
– Eit
veldig interessant funn i denne studien var at du kan «booste» effekten av
muskelcellekjernar meir enn me hadde trudd. Om du kvart år får til ti veker med
god trening, kan det vere ei veldig god investering. Det er viktig å hugse på at det må vere kvalitet på treninga og at ho varer lenge nok til at du får
muskelvekst, seier Raastad.