– Hovudskadane vert synlege raskt. Dei kan vere eit tidleg teikn på at det har vore perlesnormanet-innsig. Sjølv om det ikkje ser alvorlege ut i starten, så vil skadane då verte verre og verre, seier havforskar Tina Oldham.
Havforskarane har gjennomført ein eksponeringsstudie med laks på 150 gram. Dei vert haldne i naturlege omstende: vatnet held 10 grader, salthaldigheita er 35,6 promille, og fisken får naturleg lys.
Kvar fisk er merkt. 150 fisk er fordelt i fem test-grupper.
Dei fem test-gruppene vart utsett for ulike manet-eksponering:
Første gruppa vart berre eksponert på kroppen.
Andre gruppa vart eksponert på hovudet og gjellene.
Tredje gruppa vart eksponert på kroppen, hovudet og gjellene.
Fjerde gruppa vart eksponert på kroppen, hovudet og gjellene, men maneta dei vart eksponert for var behandla med elektrisitet. Tidlegare forsøk har nemleg synt at kvar neslecelle berre fyre av ein gong. Elektrisitet kan utløyse desse.
Femte gruppa var ei kontrollgruppe. Der vart fisken utsett for same handtering som dei øvrige gruppene, men ikkje eksponert for maneta.
Forskarane tok så prøver av fisken i løpet av dei neste to vekene.
To dagar etter eksponering: Teikn til tidleg varsel
– Om du ser ein slik fisk, tenker ein gjerne at det er misfarging på hovudet, seier Oldham.
Skadar observerte to dagar etter fisken vart utsett for perlesnormanet.(Foto: Tina Oldham / HI)
To dagar etter at fisken først vart eksponert for perlesnormanet, ser forskarane synlege merke på fisken. Desse ser likevel ikkje alvorleg ut.
Nokre område i skinnet ser bleikare ut enn vanleg. Hovudet er mest sensitivt.
– I gruppe to og tre hadde om lag 60 prosent tydelege merker på hovudet. Men ingen i elektrisitet-gruppa, seier havforskaren.
Resultata etter to dagar:
Sju dagar etter eksponering: Alvoret vert synleg
Ei veke etter nærkontakt med maneta byrja alvoret å verte tydeleg.
Annonse
– Skadeomfanget har auka. Skadane har begynte å verte tydelege på kroppen og gjellene, forklarar Oldham.
Skadar observerte sju dagar etter fisken vart utsett for perlesnormanet.(Foto: Tina Oldham / HI)
– Merkene på hovudet til fisken varierer. Nokre plassar er det mørkare område. Andre gongar igjen er skinnet meir bleika slik at det ser nesten gjennomsiktig ut.
Framleis er det ingen synlege skadar på fisk frå elektrisitet-gruppa.
Resultata etter sju dagar:
14 dagar etter eksponering: Stadig forverring
To veker etter eksponering forverrar skadane seg framleis frå dag til dag.
– Fisken har ikkje opne sår på hovudet, men små søkk. Det er nesten som om vevet vert brote ned frå innsida, seier prosjektleiaren.
Skadane på kroppen til fisken har vorte opne sår, ikkje ulikt vintersår.
– Og gjelletilstanden er generelt dårlegare i alle grupper. Verst er det hos fisken i gruppe tre og fire, dei to som i størst omfang vart eksponert for den ubehandla perlesnormaneta.
Slik såg skadar ut to veker etter eksponering.(Foto: Tina Oldham / HI)
Forskarane har også teke vevsprøverog PCR-prøver jamt i eksperimentet for å undersøke kva det er som hender med gjellene. Desse resultata er ikkje klare endå.
PCR brukast i diagnostikk av bakterie- og virusinfeksjonar.
Resultata frå fisken som vart eksponert for den støyt-behandla maneta, er nokolunde på linje med resultata frå kontrollgruppa.
Annonse
Resultata etter 14 dagar:
Straum hjelpte
Etter to veker vert forsøket i Matre avslutta. Skadane vart gradvis verre gjennom heile perioden.
– Det ser ut som om dei raude individa er dei som fører til størst skade. Vi såg gjentekne gongar at desse hengde fast i skjela til fisken, seier Oldham.
Hovudet er sårbart og viser teikn på skadar allereie to dagar etter eksponering.
– På kroppen til fisken utviklar skadane seg frå at skjela var påverka til opne sår. Hovudskadane utviklar seg frå misfarging til innsøkk i fisken, seier Oldham.
Dette er ein fisk to dagar etter eksponering, og same fisk to veker etter eksponering. Det som først var ei misfarging på hovudet, har vorte meir ei grop.(Foto: Tina Oldham / HI)
Å gje maneta elektriske støyt før eksponering førte til mindre skadar på fisken.
– At noko er ein vellukka strategi i kontrollerte eksperiment i eit laboratorium, betyr ikkje at det kjem til å vere ein vellukka strategi i verkelegheita. Men desse resultata er lovande og viser at innsatsen ber frukter.
JellySafe vert leia av Havforskningsinstituttet. Partnarar i prosjektet er Sintef Ocean, NIVA, NCE Aquaculture, Universitetet i Bergen (UiB), Åkerblå, Patogen og Akvaplan-niva.
Prosjektet er finansiert av Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering.