Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norsk Utenrikspolitisk Institutt - les mer.

Kontroversielle kaloriar: Korleis måler vi svolt?

I dag er det sjølvsagt at mat, og dermed svolt, blir målt i kaloriar. Men korleis oppstod denne måleininga, og kvifor er ho meir kontroversiell enn ein skulle tru?

Måten vi tel svolt på har vorte forma av politiske interesser og behova til institusjonar.
Publisert

Seniorforskar Thor Olav Iversen har studert korleis kalorien har utvikla seg frå å vere eit verktøy for å kontrollere arbeidarar til ein verdsomspennande indikator for svolt og utvikling. 

Forskinga viser at denne utviklinga likevel ikkje har vore nøytral. Måten vi tel svolt på har vorte forma av politiske interesser og behova til institusjonar.

Kalorien blir til

Kalorien vart ikkje berre utvikla for å måle svolt. Han var også utvikla for å gjere arbeidarar meir effektive. På slutten av 1800-talet var den industrielle revolusjonen i full gong. 

Fabrikkeigarar var opptekne av å finne ut kor lite ein arbeidar kunne ete og framleis vere produktiv.

– Opphavleg var kalorimetoden inspirert av forbrenningsmotorar. Ein ønskte å måle kor mykje energi menneske forbrann. Det var for å kunne rekne ut nøyaktige minimumsbehov for mat – og dermed også lønn, forklarer Iversen.

Etter kvart vart kalorien eit standardisert verktøy. Han gjorde det mogleg å samanlikne ernæring på tvers av land og regionar.

– Folkeforbundet byrja å bruke kalorien som ein standard for matbehov. Etter andre verdskrigen vart han ein hjørnestein i FNs arbeid med mattryggleik.

Sidan 1946 har FAO (FNs organisasjon for mat og landbruk) publisert globale svoltestimat basert på kalorimålet. Dette har gjort svolt og mattryggleik synleg på tvers av grenser. 

Samtidig har kalorien forenkla noko som er komplekst, nemleg korleis menneske forheld seg til mat.

Folkeforbundet

Folkeforbundet var den første verdsomfattande samanslutning av statar med formål å tryggje fred og sikkerheit og å utvikle samarbeidet mellom folk. Folkeforbundet blei oppløyst i april 1946 etter at ein oppretta De forente nasjoner (FN).

Kilde: snl.no

Ein milliard svoltne?

Det har altså vore lange tradisjonen for svoltmåling. Likevel viser Iversens forsking korleis FAOs statistikkar har gått gjennom store metodiske endringar – med tilsvarande store politiske konsekvensar.

Fram til 2010 viste FAOs statistikk at global underernæring var aukande. Men samtidig viste Verdsbanken at global fattigdom var på veg nedover. 

Korleis kunne svolten auke medan fattigdommen sokk?

– Dette skapte ein metodisk og politisk konflikt, forklarer Iversen.

Underernæring og fattigdom blir som regel rekna å henge tett saman. FN fekk særleg mykje kritikk for å rapportere at over ein milliard menneske i verda var underernærte. Løysinga vart ein revisjon av FAOs metode.

– I 2012 justerte FAO modellen sin slik at trenden snudde totalt. Plutseleg viste tala at global svolt faktisk hadde gått nedover sidan 1990-talet.

Endringa kom ved eit avgjerande tidspunkt: FNs tusenårsmål var ferdig i 2015. Snuoperasjonen gav inntrykk av at den globale kampen mot svolt hadde vore ein suksess.

Kinas bidrag

Ei anna drastisk endring kom i 2019. Då fekk FAO for første gong på 20 år tilgang til Kinas svoltstatistikk. Fram til då hadde estimata for Kina vore baserte på gamle data frå 1990-talet.

– Kina gav fyrst FN tilgang til nye data i 2019. Det var etter at landet for første gong fekk valt inn ein kinesisk leiar av FAO, seier Iversen.

– Dette førte til at den estimerte delen underernærte i Kina gjekk frå ti prosent til tilnærma null prosent, fortset han.

Fordi Kina har ei enorm befolkning, førte dette også til ein kraftig nedgang i det globale svolttalet.

Denne plutselege revisjonen viser korleis svoltstatistikk kan vere svært ustabil. Han avheng ikkje berre av kor mange som faktisk svelt. Han avheng også av kva data som blir brukte, korleis dei blir berekna – og kven som får makt til å bestemme kva som skal telje og når.

Frå tal til røyndom

I dag bruker FN to hovudindikatorar for å måle svolt i samanheng med berekraftsmåla: Prevalence of Undernourishment (PoU) og Food Insecurity Experience Scale (FIES).

PoU vart introdusert av FAO på 1960-talet. Det er ei modellbasert berekning basert på tilgjengelege kaloriar i eit land. 

FIES, derimot, byggjer på spørjeundersøkingar. Der rapporterer individ eigne opplevingar av mattryggleik.

– PoU-indikatoren er designa for globale analysar, men gir lite innsikt i lokale eller individuelle erfaringar med svolt, forklarer Iversen.

Dei landa med lågast mattryggleik har som regel også minst data frå spørjeundersøkingar tilgjengeleg.

– Dette er bekymringsfullt. Dei med høgast behov for bistand og støtte er dei som det blir rapportert dårlegast frå, seier han.

Iversen forklarer at målinga av svolt gjennom kaloriar favoriserer eit såkalla produktivistisk syn på mat. Det handlar om kor mykje mat som skal produserast, ikkje nødvendigvis korleis han bør distribuerast eller kva slags mat folk faktisk treng for eit sunt liv.

Svoltstatistikken framover

Samtidig er berekraftsmåla under press. Under ei nyleg generalforsamling i FN uttrykte USAs representant at berekraftsmåla ikkje lenger er i tråd med dei nasjonale interessene til amerikanarane (nhk.or.jp).

Svoltstatistikken heng også saman med konflikt. I Gaza har hungersnød vorte brukt som eit våpen (nrk.no).

– Dette viser kor viktig det er å ikkje berre sjå på svolt som eit tal. Ein må også sjå det som ein politisk skapt realitet, seier Iversen.

Iversens forsking belyser utfordringane ved kalorimålet. Ho viser korleis det er ein metode forma av normer, verdiar og interesser.

– Måling av svolt er aldri nøytralt. Om vi verkeleg ønskjer å få bukt med svolt, må vi stille kritiske spørsmål til korleis vi tel dei svoltne, seier Iversen.

Referanse:

Thor Olav Iversen: Care, Control and Calories: A Genealogy of Measuring International UndernutritionFood ethics, 2025. Doi.org/10.1007/s41055-025-00164-2

Powered by Labrador CMS